NDLAs pedagogiske grunnsyn, læreplanverket og kvalitet i læremiddel
NDLA skal laga læringsressursar med høg pedagogisk kvalitet, som kan støtta og hjelpa læraren og eleven i læringsarbeidet. Men kva er høg pedagogisk kvalitet i eit læremiddel? Det kjem an på kva syn ein har på korleis vi menneske lærer. I vår tid er det mest vanleg å ha eit sosiokulturelt syn på læring. Desse teoriane seier at mennesket lærer i eit samfunn, i ein kultur, saman med andre menneske. Det inneber at vi lærer når vi er i interaksjon med noko utanfor oss sjølve, som kulturprodukt (t.d tekstar), og andre menneske.
Dette synet på læring ligg til grunn for det norske læreplanverket. I overordna del møter vi den aktive eleven, som utforskar, reflekterer, diskuterer, er kreativ og driv kritisk tenking. Kompetanse er definert slik:
Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.
(https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/kompetanse-i-fagene/?lang=nobUdir: Overordnet del – Kompetanse i fagene).
NDLA deler læringssynet i læreplanverket, det kjem tydeleg fram i NDLAs pedagogiske plattform. Våre læringsressursar støttar eleven i å utvikle seg gjennom aktiv læring. Dette er særleg tydeleg gjennom vekta vi legg på aktivitetar og oppgåver.
Elevar treng å bli møtt der dei er i si utvikling. Det vil seia at læringsressursane må tilpassast den einskilde eleven. I praksis tyder det at vi i NDLA lagar varierte ressursar, slik at flest mogleg finn noko som passar for dei. Vi tek i bruk alle modalitetar vi har tilgjengeleg, som lyd, bilete, video, tekst og interaktivitet for å stimulere og støtte.
Læreplanverket legg også vekt på at elevane må få "lære å lære". Dette legg vi særskilt vekt på gjennom ressursane våre i Verktøykassa, men også gjennom å gi elevar høve til refleksjon over eiga læring i dei ulike fagressursane.
I arbeidet vårt med å utvikla læringsressursar med høg pedagogisk kvalitet, spør vi oss om ressursen vi skal testa, kvalitetssikra og produsera, verkeleg fremmar elevaktiv læring og refleksjon, og også kva for type aktivitet vi fremmar. Legg vi også denne gongen vekt på djupnelæring? Har vi også denne gongen sett eleven først? Vi har også forståing for at vi alltid kan bli betre og aldri blir utlærte når det gjeld dette.
Visjonen vår, “Saman skapar vi framtidas læring”, understrekar at læring skjer i eit samspel mellom fleire. Han peikar også på at vi må ha blikket framover, og stadig vera på utkikk etter kultur- og samfunnsendringar som har betydning for elevane våre, og dermed for korleis føresetnadene for læring utviklar og endrar seg.
I 2021 utarbeidde Utdanningsdirektoratet ei rekkje påstandar om god kvalitet i læremiddel for å hjelpa lærarar og skular som skal velja læremiddel. Lærar- og elevorganisasjonar, skuleleiarar, forskarar og læremiddelprodusentar var med på arbeidet. Påstandane er i tråd med læreplanverket, og utgjer dermed ei god rettesnor for arbeidet vårt. Difor refererer vi til påstandane i ulike deler av kvalitetssystemet.
Skrevet av Margreta Tveisme