NDLAs pedagogiske plattform
Pedagogisk plattform for NDLA
Formålet til NDLA er å
-
produsere, anskaffe og tilby digitale læremiddel og læringsressursar fritt tilgjengeleg for elevar, lærarar og andre for å oppfylle fylkeskommunen sitt ansvar etter opplæringslova § 3–1
-
bidra til samarbeid om læring, undervisning og kompetansedeling
-
utvikle teknologi og samarbeid nasjonalt og internasjonalt som støttar opp om formålet
NDLA skal lage læremiddel av høg pedagogisk kvalitet som kan støtte og hjelpe læraren og eleven i læringsarbeidet. Kva ein reknar som høg pedagogisk kvalitet i eit læremiddel, kjem an på kva syn ein har på korleis vi menneske lærer.
Det norske læreplanverket bygger på eit sosiokulturelt syn på læring. Sosiokulturelle teoriar om læring seier at mennesket lærer i eit samfunn, i ein kultur, saman med andre menneske. Det inneber at vi lærer når vi er i interaksjon med noko utanfor oss sjølve, som kulturprodukt (til dømes tekstar) og andre menneske. I overordna del møter vi derfor den aktive eleven, som utforskar, reflekterer, diskuterer, er kreativ og skapande og driv med kritisk tenking. Kompetanse er definert slik:
Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/kompetanse-i-fagene/?lang=nob).
NDLA deler synet på læring som vi finn i læreplanverket. Læringsressursane våre legg vekt på å støtte eleven i å utvikle seg gjennom aktiv læring og å stimulere til djupnelæring. Dette er særleg tydeleg gjennom vekta vi legg på aktivitetar og oppgåver. Vi har òg det sosiokulturelle perspektivet med oss når vi utviklar teknologi og nye tenester.
Elevar treng å bli møtt der dei er i utviklinga si. Det vil seie at læringsressursane må tilpassast den enkelte eleven. I praksis betyr det at vi i NDLA lagar varierte ressursar, slik at flest mogleg finn noko som passar for dei. Vi tek i bruk alle modalitetane vi har tilgjengeleg, som lyd, bilete, video, tekst og interaktivitet, for å stimulere og støtte. Gjennom bruken av opne lisensar legg vi òg til rette for at lærarar kan tilpasse våre ressursar til sine elevar.
Læreplanverket legg òg vekt på at elevane må få "lære å lære". Dette legg vi særskilt vekt på gjennom ressursane våre i Verktøykassa, men òg gjennom å gi elevar anledning til refleksjon over eiga læring i dei ulike fagressursane.
Det tverrfaglege perspektivet i læreplanane og djupnelæring heng tett saman. Gjennom tverrfaglege casar i eigne emne støttar vi elevar og lærarar i å utforske og lære utanfor skulefaga sine rammer.
For å utvikle ressursar med høg fagleg kvalitet spør vi oss alltid om ressursen vi skal teste, kvalitetssikre og produsere, verkeleg fremmar elevaktiv læring og refleksjon, i tillegg til kva for type aktivitet vi fremmar. Vi har ein god balanse mellom ressursar som gir oversyn over eit fagfelt og ressursar som går i djupna. Vidare har vi forståing for at vi alltid kan bli betre, og at vi aldri blir utlærte når det gjeld dette.
Visjonen vår, “Saman skaper vi framtidas læring”, understrekar at læring skjer i eit samspel mellom fleire. Dette gjeld også for organisasjonen vår, der samarbeidet mellom medarbeidarar og mellom NDLA og dei vidaregåande skulane, er heilt naudsynt for at vi skal lukkast med å halde høg pedagogisk kvalitet.
Han peikar òg på at vi må ha blikket framover, og stadig vere på utkikk etter kultur- og samfunnsendringar som har betydning for elevane våre – og dermed for korleis føresetnadene for læring utviklar og endrar seg.
Skrevet av Margreta Tveisme