Parallellitetskrav og unntak for brønnfag, norsk, samisk og språkfag
Hovudregel: Alle læringsressursar på ndla.no skal publiserast på bokmål og nynorsk til same tid.
Kravet gjeld SKRIFTLEG innhald. Det er opplæringslova som regulerer den pedagogiske verksemda eller tilgangen på språkleg kvalitetssikra læremiddel (ikkje språklova).
Norskfaget
Lova krev ikkje parallelle språkutgåver for læremiddel i norskfaget. På ndla.no har vi likevel valt parallellpublisering på bokmål og nynorsk.
I enkelte tilfelle finst ressursane likevel i berre éin språkversjon. Det gjeld til dømes kjeldetekstar som elevane skal arbeide med, og nynorskkurset for elevar med bokmål som hovudmål. Vi har også nokre eldre eksternt produserte ressursar der produsentane har nytta smuttholet i lova. Dei har då valt å ha noko av innhaldet på bokmål og noko på nynorsk for å senke produksjonskostnadene.
Språkfag
Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve. Vi har likevel valt å bruke både bokmål og nynorsk der det er mulig.
Framandspråk nivå 1
I framandspråk nivå 1 (begynnarar) er andelen norsk tekst relativt høg. Derfor har vi laga både bokmåls- og nynorskversjon av alle artiklane.
Framandspråk nivå 2
For framandspråk nivå 2 har vi valt same løysinga som for nivå 1. Læreplanen legg opp til at elevane skal nå eit språkleg ferdigheitsnivå som tilsvarer A2, til dels B1, i Den europeiske språkpermen. Det er ikkje nok til at elevane kan få presentert til dømes grammatikk eller meir omfattande instruksjonar på morsmålet.
Engelsk
I engelskfaget reknar vi med at elevane har nådd eit langt høgare språkleg ferdigheitsnivå enn i framandspråka. I dette faget blir det meste forklart på målspråket, og artiklane vil derfor ha engelsk som språkkode.
Samisk som andrespråk
Faget samisk 4 (og etter kvart samisk 3) blir utvikla av Aajege/Trøndelag fylkeskommune og kjem kun på bokmål.
Samisk innhald
For samiske læremidler finst det ikkje noko krav om publisering på bokmål og nynorsk.
Samiske versjonar av eksisterande fag
Når vi omset innhald frå eksisterande fag til samisk, sørger vi for at kvar artikkel framleis har bokmål- og nynorskversjon.
Brønnfag
Innhald i programfaga på programområde for brønnteknikk under utdanningsprogrammet teknologi og industrifag vg2 blir kun publisert på bokmål. Dette er fordi kravet om språkleg parallellitet berre gjeld for fag med årskull over 300 elevar. Brønnfag har omtrent 100 elevar.
Fleirfaglege ressursar må ha nynorsk
Ein del av innhaldet i brønnfag blir også brukt i andre fag. Då må vi sikre at det har nynorskversjon.