Skip to main content

Unntak for brønnfag, norsk og språkfag på NDLA

Brønnfag er kun på bokmål

Innhold i programfaga på programområde for brønnteknikk under utdanningsprogrammet teknologi og industrifag vg2 blir kun publisert på bokmål. Dette er fordi kravet om språkleg parallellitet berre gjeld for fag med årskull over 300 elevar. Brønnfag har omtrent 100 elevar.

Fleirfaglege ressursar må ha nynorsk

Ein del av innhaldet i brønnfag blir også brukt i andre fag. Då må vi sikra at det har nynorskversjon.

Norsk har stort sett både bokmål og nynorsk

Norskfaget har ikkje krav om parallellpublisering i lova. På ndla.no har vi likevel parallellpublisering av innhaldet om det ikkje er særskilde grunnar. Eit unntak er nynorskkurset som berre finst på nynorsk. Vi har også nokre eldre (eksternt produserte) ressursar om har nytta smuttholet i lovalova. derDå har ein har litt på bokmål og anna på nynorsk for å spara produksjonskostnad.

Språkfag har nynorsk sjølv om vi ikkje treng det

Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve. Sjølv om tysk1 og kinesiskfaga har låg andel med norsk tekst har vi likevel både bokmål- og nynorskversjon av alle artiklar. Når faga kjem på eit nivå der det nesten ikkje brukast norsk vil artiklane ha språkkode som høyrer til språket. Dette ser vi til dømes i engelskfaget og tysk2.

Samisk som andrespråk har kun bokmål

Faget samisk 4 (og etter kvart samisk 3) blir utvikla av Aajege/Trøndelag fylkeskommune og kjem kun på bokmål.

Samisk innhald har ikkje krav om parallellpublisering på bokmål eller nynorsk