Skip to main content

Unntak for brønnfag, norsk, samisk og språkfag på NDLA

Norskfaget 

Lova krev ikkje parallelle språkutgåver for læremiddel i norskfaget. På ndla.no har vi likevel valt parallellpublisering på bokmål og nynorsk.

I enkelte tilfelle finst ressursane likevel i berre éin språkversjon. Det gjeld til dømes kjeldetekstar som elevane skal arbeide med, og nynorskkurset for elevar med bokmål som hovudmål. Vi har også nokre eldre eksternt produserte ressursar der produsentane har nytta smuttholet i lova. Dei har då valt å ha noko av innhaldet på bokmål og noko på nynorsk for å senke produksjonskostnadene.

Språkfag 

Læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kjem ikkje inn under kravet til språkleg parallellutgåve. I framandspråk nivå 1 (begynnarar) er andelen norsk tekst relativt høg. Derfor har vi laga både bokmåls- og nynorskversjon av alle artiklar.

Det same gjer vi stort sett for framandspråk nivå 2, for læreplanen legg opp til at elevane skal nå eit språkleg ferdigheitsnivå som tilsvarer A2 (og enkelte ferdigheiter på B1-nivå). Når faga kjem på eit nivå der det nesten ikkje brukast norsk vil artiklane ha språkkode som høyrerA2, til dels B1, i Den europeiske språket.kpermen. Dette sertreng vielevane framleis å få forklart til dømes grammatikk eller meir omfattande instruksjonar på morsmålet.

Derimot reknar vi med at elevane har nådd eit langt høgare språkleg ferdigheitsnivå i engelskfaget. I dette faget blir det meste forklart på målspråket, og artiklane vil derfor ha engelsk som språkkode.

Samisk som andrespråk har kun bokmål

Faget samisk 4 (og etter kvart samisk 3) blir utvikla av Aajege/Trøndelag fylkeskommune og kjem kun på bokmål.

Samisk innhald

Samiske læremidler har ikkje krav om publisering på bokmål og nynorsk. Sørsamisk-faga på NDLA kan samanliknast med norskfaget, berre at det er for dei som har sørsamisk som førstespråk.

Samiske versjonar av eksisterande innhald

Når vi oversett innhald til samisk sørgjer vi for at same artikkel framleis har sin bokmål- og nynorskversjon.

Brønnfag er kun på bokmål

Innhold i programfaga på programområde for brønnteknikk under utdanningsprogrammet teknologi og industrifag vg2 blir kun publisert på bokmål. Dette er fordi kravet om språkleg parallellitet berre gjeld for fag med årskull over 300 elevar. Brønnfag har omtrent 100 elevar.

Fleirfaglege ressursar må ha nynorsk

Ein del av innhaldet i brønnfag blir også brukt i andre fag. Då må vi sikre at det har nynorskversjon.