Ikkje totalforbod
Les vegleiinga som Udir har utarbeidd. Her gjengir vi oppsummeringa:
Regelverket gir rom for et lokalt skjønn når det gjelder hvilke reklameuttrykk som eventuelt bør tillates. Samtidig er det flere hensyn som vurderingen må ivareta, som er beskrevet i veilederen. Spørsmålene som bør stilles kan oppsummeres slik:
- Er det reklame?
- Er det innenfor skoleeiers ansvarsområde?
- Er elevene hovedmålgruppen?
- Skaper reklamen kommersielt press? Hva er eventuelle konsekvenser av presset?
- Påvirker reklamen holdninger? I stor grad? Hva er konsekvensene?
- Er reklamen knyttet til noe som har pedagogisk verdi for opplæringen?
- Hvilken betydning har elevenes alder for vurderingen?
- Er det problematiske etiske aspekter ved det enkelte reklamebudskap, jf. formålet med opplæringen?
Grad av alvor, frå personretta sporing til praktiske døme
Det er ikkje aktuelt å byggje inn innhald som sporer trafikkdata og gir personretta reklame. Youtube-innbygging er døme på slikt.
Produktplassering og bransjestandard
I nokre yrkesprogram er det vanskeleg å driva opplæring og lage læremidler utan å demonstrera og vise faktiske produkt. Ein kan likevel prøve å ikkje eksponere det kommersielle i særleg grad:
- Ikkje fokuser på logo på produkt eller lag eigne illustrasjonar utan å knytte det til produkt, sjå til dømes kamerasimulator (statisk.ndla.no).
- Bruk produkt frå ulike leverandørar der det er mogleg (Nikon/Canon)
- Klipp vekk reklameinfo/plakatar i tilsendt opplæringsmateriell
Ekte produkt må inn - men fleire produsentar må brukast
I dei fleste fag må vi gi god informasjon om produkt. Ofte viser vi til eksterne ressursar for å gi gode døme. For at innhaldet ikkje skal vera einsretta markedsføring skal det bli vist til fleire og ulike produsentar.
Produsentlogo blir ikkje rekna som reklame
Produsentlogo på utstyret kan i utgangspunktet ikkje bli rekna som reklame som blir ramma av lovføresegnene om reklame.