Ikkje totalforbod
NDLA er ein læremiddelprodusent og innhaldet hos oss skal i størst mogleg grad stå på eigne bein. Vi lager ikkje undervisningsopplegg som først og fremst er basert på andre nettressursar. Eit unntak er sjølvsagt samarbeidspartnarar, men når det kjem til "gratis innhald" frå kommersielle aktørar så betyr det at betalinga er ein av deidesse tre fylgjande:tre:
- elevane sine persondata
- elevane som målgruppe for reklame
- marknadsvekst/posisjonering/innsalg
Les vegleiinga som Udir har utarbeidd. Her gjengir vi oppsummeringa:
Regelverket gir rom for et lokalt skjønn når det gjelder hvilke reklameuttrykk som eventuelt bør tillates. Samtidig er det flere hensyn som vurderingen må ivareta, som er beskrevet i veilederen. Spørsmålene som bør stilles kan oppsummeres slik:
- Er det reklame?
- Er det innenfor skoleeiers ansvarsområde?
- Er elevene hovedmålgruppen?
- Skaper reklamen kommersielt press? Hva er eventuelle konsekvenser av presset?
- Påvirker reklamen holdninger? I stor grad? Hva er konsekvensene?
- Er reklamen knyttet til noe som har pedagogisk verdi for opplæringen?
- Hvilken betydning har elevenes alder for vurderingen?
- Er det problematiske etiske aspekter ved det enkelte reklamebudskap, jf. formålet med opplæringen?
Grad av alvor, frå personretta sporing til praktiske døme
Det er ikkje aktuelt å byggje inn innhald som sporer trafikkdata og gir personretta reklame. Youtube-innbygging er døme på slikt. I andre enden av skalaen er det nødvendig å nytta døme frå den verkelege verda og ekte kjelder. Elevane skal læra grunnleggande digitale ferdigheiter og må kunne hente kunnskap og handtere nettsider og medier.
Unntak bør dokumenterast
I nokre fag er det naturleg at ein skal analysere reklame. Då må eleven få sjå ekte innhald. Dette bør så langt som mogleg vere faksimilebasert slik at elevane ikkje treng oppretta kontoar eller utlevera personlege data (GDPR).
Bruk versjonsloggen til å skrive ned vurderingar som blir gjort når det blir lenka til reklameutsatte nettstader.
Produktplassering og bransjestandard
Det er ikkje mogleg å driva opplæring og lage læremidler utan å demonstrera og vise faktiske produkt. Ein kan likevel prøve å ikkje eksponere det kommersielle i særleg grad:
- Ikkje fokuser på logo på produkt eller lag eigne illustrasjonar utan å knytte det til produkt, sjå til dømes kamerasimulator (statisk.ndla.no).
- Bruk produkt frå ulike leverandørar der det er mogleg (Nikon/Canon)
- Klipp vekk reklameinfo/plakatar i opplæringsmateriell vi får tilgong til frå produsentar
Ofte viser vi til eksterne ressursar for å gi gode døme. For at innhaldet ikkje skal vera einsretta markedsføring skal det bli vist til fleire og ulike produsentar.
Produsentlogo blir ikkje rekna som reklame
Produsentlogo på utstyr kan i utgangspunktet ikkje bli rekna som reklame som blir ramma av lovføresegnene om reklame