Skip to main content

Parallellitetskrav og unntak for kjeldestoff

Skrevet av Johannes Leiknes Nag

Hovudregel parallellitetskrav

Alle læringsressursar på ndla.no skal publiserast på bokmål og nynorsk til same tid.
Kravet gjeld SKRIFTLEG innhald. Det er opplæringslova som regulerer den pedagogiske verksemda eller tilgangen på språkleg kvalitetssikra læremiddel (ikkje språklova).

Kjelder skal helst få vera originale

Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.

Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.

Opplæringslova §17-2, Lovdata

For NDLA handlar dette som oftast om dikt, skjønnlitteratur og anna eksternt materiale som me bruker i læringsressursane våre. Det er mogleg me må finnafinne fleire døme her.

Filmar i NDLA film er kjeldemateriale

Filmane i NDLA film er kun teksta på bokmål. Artiklane i "faget" NDLA film blir parallellpublisert på bokmål og nynorsk.

Bruk av kjelder i artiklar

Kjelder har gjerne behov for eigen kreditering og opphavsinfo. Dette bør stå tydeleg i artikkelen og treng kanskje betre løysingar:

  • Kjeldemateriale i ein H5P
  • Kjeldemateriale i ein tekstboks (det er innmeldt ønske om at tekstboksen skal kunne få lisensmarkering)

Heile artiklar som kjeldemateriale

Ein bør merke artiklar som kjeldemateriale og koble dei opp på emne eller relatert til dei artiklane som treng dei. Eigenskapar for kjeldematerialetype er

  • historiske kjelder
  • litterære tekstar
  • filmklipp

Og fire som stort sett blir brukt i NDLA film:

  • dokumentarfilm
  • spelefilm
  • seriar
  • kortfilm