Parallellitetskrav og unntak for kjeldestoff
Hovudregel parallellitetskrav
Alle læringsressursar på ndla.no skal publiserast på bokmål og nynorsk til same tid.
Kravet gjeld SKRIFTLEG innhald. Det er opplæringslova som regulerer den pedagogiske verksemda eller tilgangen på språkleg kvalitetssikra læremiddel (ikkje språklova).
Kjelder skal helst få vera originale og blir ikke definert som læremiddel:
Det er i opplæringslova fire kumulative vilkår for at noko skal bli rekna som "læremiddel":
- trykte, ikkje-trykte eller digitale
- utvikla til bruk i opplæringa
- skal brukast jamleg i opplæringa
- dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget
Opplæringslova 15-3, gjeldande frå august 2024
Sidan "Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og liknande" ikke er "utvikla til bruk i opplæringa", vil ikkje kumulativt vilkår 2 vera oppfylt, og difor er dei framleis unntatt parallellitetskravet sjølv om det ikkje står like eksplisitt som i førre versjon av opplæringslova.
For NDLA handlar dette som oftast om dikt, skjønnlitteratur, spelefilmar og anna eksternt materiale som me bruker i læringsressursane våre.
Filmar i NDLA film er kjeldemateriale
Filmane i NDLA film er kun teksta på bokmål. Artiklane i "faget" NDLA film blir parallellpublisert på bokmål og nynorsk.
Bruk av kjelder i artiklar
Kjelder har gjerne behov for eigen kreditering og opphavsinfo. Dette bør stå tydeleg i artikkelen og har i 2024 fått betre løysingar:
- Kjeldemateriale i ein H5P
- Kjeldemateriale i ein tekstboks med eigen lisens
Heile artiklar som kjeldemateriale
Ein bør merke artiklar som kjeldemateriale og koble dei opp på emne eller relatert til dei artiklane som treng dei. Eigenskapar for kjeldematerialetype er
- historiske kjelder
- litterære tekstar
- filmklipp
Og fire som stort sett blir brukt i NDLA film:
- dokumentarfilm
- spelefilm
- seriar
- kortfilm
Skrevet av Johannes Leiknes Nag