Unntak for kjeldestoff
Kjelder skal helst få vera originale
Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa.
Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, avisar, oppslagsverk og likande kjem ikkje under kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.
Opplæringslova §17-2, Lovdata
For NDLA handlar dette som oftast om dikt, skjønnlitteratur og anna eksternt materiale som me bruker i læringsressursane våre. Det er mogleg me må finna fleire døme her.
Filmar i NDLA film er kjeldemateriale
Filmane i NDLA film er kun teksta på bokmål. Artiklane i "faget" NDLA film blir parallellpublisert på bokmål og nynorsk.
Heile artiklar som kjeldemateriale
Ein bør merke artiklar som kjeldemateriale og koble dei opp på emne eller relatert til dei artiklane som treng dei. Eigenskapar for kjeldematerialetype er
- historiske kjelder
- litterære tekstar
- filmklipp
Og fire kategoriar som stort sett blir brukt i NDLA film:
- dokumentarfilm
- spelefilm
- seriar
- kortfilm